Hydrogenbilar får fritak for betaling av bomavgift og parkering
torsdag 23. oktober 2008 02:00
Hydrogenbilar vil innan 1. november 2008 få fritak for betaling av bompengar i alle landets bompengeprosjekt. I tillegg vil eg be Vegdirektoratet sende på høyring forslag om korleis det skal tilretteleggast for gratis parkering både for el-motorvogner og hydrogenbilar på offentleg regulerte parkeringsplassar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
I dag har Samferdselsdepartementet i eit brev bede Vegdirektoratet om å sørgje for at hydrogenbilar med registreringsskilt HY innan 1. november 2008 får fritak for betaling av bompengar på dei om lag 50 bompengeprosjekta i landet.
- Utsleppa frå samferdselssektoren må ned. Klimagassutsleppa frå sektoren har auka med 25 prosent frå 1990 til 2005. For å lykkast må talet på nullutsleppsbilar og lågutsleppsbilar opp. Regjeringa vil leggje til rette for at folk skal kunne fylle straum, hydrogen og annangenerasjons biodrivstoff på tanken. Gratis passering i bomstasjonar og gratis parkering er tiltak som skal gjere det meir attraktivt å velje hydrogen og el-bilar, seier Navarsete.
Kilde: vegvesen
| Relaterte artikler: |
|---|
Nyttige Verktøy
5 Siste
Kommentarer
- Det er antagelig vis tennpluggene eller pluggledni... Mer...
- :-) :sad: Møkkabil. Har hatt Opel Vivaro i 3 år og... Mer...
- du hva med veivhjul sernsor? hvis den er irra kan ... Mer...
- er garantert kontaktproblem hadde samme selv men v... Mer...
- ja men han bytta jo alt det du sa? jeg har exakt s... Mer...





Kommentarer
Tullet forslag,er sikkert bra for de med penger nok som kan kjøpe el-bil til å kjøre til jobb med gratis bom gratis parkerigg og kan kjøre i kollektiv feltet.
RSS feed for kommentarer til dette innlegget.