×

Merknad

Forumet er kun i lesemodus

Kia Sportage Mr. Turbo 1997 diesel

  • Fossøy A
  • Emneforfatter
  • Besøkende
  • Besøkende
9 år 2 måneder dager siden #11093 av Fossøy A
Kia Sportage Mr. Turbo 1997 diesel opprettet av Fossøy A
Eg har ein bil som no har gått 131 000 km, og som er ganske rykkete og nuppar på låge turtal i alle 5 gira. Bilen er voldsomt følsom på gassen. I 80 km/h i 5. gir går det rimeleg greit med nennsom bruk av gasspedalen. Dabbar eg ned i til dømes 60 km på 5. giret, så er det ein lidelse å køyre, og eg må gire ned i 4. gir, også når det ikkje er oppoverbakke.

Eg fekk nokre år attende lagt opp ekstra jording i motorrommet, då vart det noko betre, men rykkinga og nuppinga forsvant ikkje heilt då heller. Kva kan vere årsak til at bilen er så følsom på gassen på låge turtal? Det er ganske ubehageleg for både sjåfør og passasjerar. Merkeverkstaden meinte det kunne vere ei lambasonde, men Kia Norge seier at denne modellen ikkje har lambasonde.

Motorvarsel-lampa kyser av og til, men ikkje heile tida. Kan det ha noko med rykkinga/nuppinga ? Det er sikkert ikkje lett å seie noko om motorvarsel-lampen, men kan dette enkelt skuldast feil på ein eller annan sensor ?

Eit siste spørsmål er om det er mogeleg å få meir effekt ut av motoren som i dag har 96 hk? Bilen er nett ikkje nokon rakett. Eg tenkjer på tuning av motoren, om det er mogeleg på ein bil som er 17 år gammal. Litt meir gampar og aks hadde gjort seg. Med så gammal bil, så vil eg ikkje vere avgiftspliktig til staten heller dersom det er mogeleg å få meir hk.
Moderator: Knut2009
Tid til å lage siden: 0.082 sekunder

Populært

Omregistreringsavgift

Omregistreringsavgift

Alt om Trimming

Bilinform.no bruker cookies til statistikk, gjenkjenning mm.